top of page

Frithjof Vang: i underskogen

I dette grenselandet mellom draum og verkeligheit lar Frithjof Vang lesarane møte fiktive og mindre fiktive menneske si lengt etter lykke og meir til i den posthume samlinga med noveller og tekstar som har fått tittelen ”I underskogen”.

 

Vang lar drømmane komme til lesarane på leikande lette språkføter. Her er ikkje djupsindige språkligheiter, men eit nesten nyenkelt språk. Det er dagliglivet sitt språk som spring fram her, og av og til tar Vang fram den leikande språkpenna, og lar seg freiste til å ”tulle” litt med språklige uttrykk.

 

Vang lar også tankane streife over sin eigen bakgrunn, slik vi blant anna finn det i teksten ”Eg og meg”: ”Det var i en avkrok i utkanten at eg såg dagens lys førr minst søtti år sia. Eg ante ikkje at det va en avkrok, og at det va dagens lys eg såg. Kanksje låg eg der og drømte alt i hop? Endå vesste ikkje eg at eg va meg. Og at de ajnner va nokka anna.”

 

Linn Eirin Nordheim si teikning ”Den kinesiske vismannen” pregar omslaget, og dette symboliserer også noko av den livsnære visdommen som pregar denne boka.

                                                                        Harstad Tidende

 

ISBN: 978-82-927-42-03-7

bottom of page